Dommere til Havyard Cup 2018

Havyard-cup 2018 - vil du dømme?

Havyard-cup vert arrangert på stadion mellom 1. juni -3. juni  2018. Vi treng mange dommarar, så meld deg på no.

Dommarane får betalt kr 40 pr. kamp dei dømmer. Nokre må vere reservedommar som stepper inn på kort varsel om noko skulle skjere seg, samt hente inn kampresultat. Desse får kr 50 pr. time. Ein vil også få seg ein matbit i kiosken. 
Dersom de ynskjer å dømme, sender dykk e-post til Morten Berge Digernes på morten21@hotmail.com snarast råd. Gi gjerne informasjon om:

  • Kva klokkeslett det passer best for dykk
  • Kor mange kampar de vil dømme
  • Kva klasse de vil dømme (Klassene er i frå Jenter/Gutar 7 til Jenter/Gutar 16).
  • Dersom de er involvert i lag som skal være i aktivitet på Havyard-cup, enten som spelar, trenar eller på annan måte, opplyser de om det også slik at vi kan ta omsyn til dette når vi set opp oppsettet.
  • Eventuelt mobilnummer.
  • Egen alder

Ytterlegare informasjon vil verte sendt ut i e-post seinare saman med oppsett på kva kampar de skal dømme. Samtidig vil eg sende dykk ein sms om at de har fått e-post. Då det erfarings messig vert ein del rokkeringar på oppsettet tett inn mot cup-dagen kan vi ikkje love at oppsettet kjem før ein til to dagar før cupen.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift